Back to Top

ANSUR Axiom

Hot
A Updated
 
8.0
3019 0 1
ANSUR Axiom
Score
8/10 Fantastic/Amazing
Artist
Release

Det første som slår meg når eg høyrer på dette albumet, er det veldig tørre lydbildet. Det neste eg legg merke til, er at gutta verkeleg har tenkt mykje på arrangement og oppbygging av låtane.
Lydbildet fargar låtane i den grad at dei vert veldig sterile, noko som kan både virke positivt og negativt. Og både positive og negative er nemlig inntrykka eg sit att med etter nokre gjennomhøyringar. Musikken er teknisk og er prega av mange overgangar og taktskifter. Sjangermessig har eg vanskar med å plassere dei, men eg høyrer både thrash og black metal i riffa. Endel parti minner meg også kraftig om Opeth, medan andre får meg til å tenke meir i retning av mainstream rock. Det kan virke som om inspirasjonane er mange, men gutta i Ansur har utan tvil funne sin nisje og skapt eit unikt sound. Vokalen er til tider på grensa til det hysteriske, men er ikkje så veldig dominerande. Eg skulle gjerne høyrt litt meir variasjon på vokalen, då denne vert veldig lik gjennom heile plata. Ellers er plata full av merkelege og fascinerande melodiar, spennande bruk av både gitar, bass og trommer. Sjølv om musikken er relativt langt unna det eg høyrer på til vanleg, let eg meg fengje av eksperimenteringa og variasjonen. Skulle gjerne ønske at det var betre lyd på dei akustiske partia. Her var gitarlyden forferdelig dårlig.

 

Diskografi:
'Axiom' 2006

 

Anmeldt av: Thomas Øvstedal

 



Editor review

1 reviews

(Updated: May 27, 2026)
Score
 
8.0
A
Comments (0) | Was this review helpful? 0 0
Share this article/review:
0
Shares