CARPTICON Master Morality
HotCarpticon spelar velprodusert black metal. Det kan vi slå fast med ein gong. Soundet, og til dels musikken, minnar meg til tider om Gorgoroth på Incipit Satan. Dette er forøvrig mi favorittskive med Gorgoroth, så den samanlikninga er positiv i mi bok. Likevel er det noko som manglar. Dei gode låtane er det nemlig langt imellom. For min del var det faktisk ingen av låtane på denne plata som utmerka seg i særskilt positiv retning. På same tid var det ikkje nokre låtar som utmerka seg i den andre enden av skalaen heller. Mistforstå meg rett når eg seier at eg likevel likar plata. Det er fleire tøffe riff på plata, men eg sit likevel att med eit heilskapsinntrykk der låtane glir over i kvarandre og manglar eigenart.
Diskografi:
Master Morality 2006
Occularis Infernum (Demo) 2005
Anmeldt av: Thomas Øvstedal