Back to Top

TWILIGHT OPHERA Descension

Hot
A Updated
 
7.0
2488 0 1
TWILIGHT OPHERA Descension

Full tittel er: "Twilight Ophera and the Order of the Sanguine Diadem presents: Descension"

Descension er mitt første møte med dette bandet og eit overraskande positivt førsteinntrykk openberer seg når eg trykker play på stereoanlegget mitt, for her strømmer det velprodusert symfonisk ekstremmetall ut av høgtalarane. Låtane er varierte, med innslag av mange ulike musikkstilar. Vokalen varierar i hovudsak mellom black og death i stil, medan det er innslag av reinvokal på enkelte parti. Denne reinvokalen overraska meg svært då vokalmelodiane til denne brakte tankane til band som Agathodaimon, Dismal Euphony og tildels nyare Emperor. Trommene virkar tildels veldig syntetiske, men passar forsåvidt til det presise lydbildet som pregar heile plata. Nokre av låtane har lengre monotone parti, noko som sjeldent passer denne sjangeren og kan virke som fyllstoff. Tekstane har eg ikkje hatt anledning til å fordjupe meg i, men dei virkar gjennomførte og er arrangert bra inn i låtane.
Men sjølv om eg no har ramsa opp mange positive element med plata, er det endel som skurrar. Denne sjangeren stiller store krav til eigenart for å skille seg frå den store mengden. Denne plata inneheld stor grad av variasjon, men eg føler kanskje den manglar ei heilheitstenking. Til dømes er det enkelte låtar som skiller seg ganske mykje ut frå resten av materialet. Ei godt døme på dette er ”Born Of Brimstone Womb”, som er den roligaste låta på plata og også den mest fengjande. Descension er eit godt kjøp, men den når ikkje heilt opp. Og kan nokon forklare meg kva som er poenget med dei merkelige gitarhyla/overtonane på første sporet?

 

Diskografi:
Descension 2006

The End of Halcyon Age 2003

Promo 2001 (Singel) 2001

Midnight Horror 1999

Shadows Embrace The Dark 1997

 

 

Anmeldt av: Thomas Øvstedal

 



Editor review

1 reviews

(Updated: May 27, 2026)
Score
 
7.0
A
Comments (0) | Was this review helpful? 0 0
Share this article/review:
0
Shares